Kategori 1
Voksen (16+) - NOK595
Barn (6 - 15 år) - NOK 297,50
Kategori 2
Voksen (16+) - NOK545
Barn (6 - 15 år) - NOK 272,50
Kategori 3
Voksen (16+) - NOK495
Barn (6 - 15 år) - NOK 247,50
Opplev den ikoniske musikken og opptreden til den legendariske King of Rock n Roll i Lærdal.
Dette er ei showoppleving av eit heilt spesielt slag, der me skrur åra attende til Elvis si storheitstid. «The King» blir framført av Grahame Patrick, på strålande vis presenterer han heile Elvis’ musikalske liv, inkludert gospel, blues og uhemma rock’n’roll. I showet skaper Patrick den perfekte illusjonen – kvar gest og andletsuttrykk er heilt rett, kostyma er identiske ned til siste paljett, og sjølvsagt syng han live! Ein vert fortel om dei ulike periodane i Elvis’ liv, og fører kongen litt nærare alle.
Saman med Grahame Patrick kjem legendariske Stamps Quartet med lead vokalist Ed Enoch (82 år), som spela med ekte Elvis frå 1971 til 1977! Saman med dansarar og eit liveband, vert det garantert ei unik showoppleving. Elvis – Musikalen har turnert sidan 2014, og det er med stor gleda å ynskja dei velkomen til oss i anledning sitt 10-års jubileum.
Elvis – The Musical – eit show frå produsent Bernhard Kurz, Stars In Concert.