Hopp til primærnavigasjon Hopp til innhold Hopp til bunntekst
  • MEST POPULÆR!

ELVIS MUSICAL SHOW (25-27 April 2024)

Den beste Elvis sidan Elvis - Grahame Patrick

Raske detaljer

Ønskjer du å bestille til ei gruppe på større enn 12 personar? Ta kontakt med oss!

Kategori 1

Voksen (16+) - NOK595
Barn (6 - 15 år) - NOK 297,50

Kategori 2

Voksen (16+) - NOK545
Barn (6 - 15 år) - NOK 272,50

Kategori 3

Voksen (16+) - NOK495
Barn (6 - 15 år) - NOK 247,50

Opplev den ikoniske musikken og opptreden til den legendariske King of Rock n Roll i Lærdal.

Dette er ei showoppleving av eit heilt spesielt slag, der me skrur åra attende til Elvis si storheitstid. «The King» blir framført av Grahame Patrick, på strålande vis presenterer han heile Elvis’ musikalske liv, inkludert gospel, blues og uhemma rock’n’roll. I showet skaper Patrick den perfekte illusjonen – kvar gest og andletsuttrykk er heilt rett, kostyma er identiske ned til siste paljett, og sjølvsagt syng han live! Ein vert fortel om dei ulike periodane i Elvis’ liv, og fører kongen litt nærare alle.

Saman med Grahame Patrick kjem legendariske Stamps Quartet med lead vokalist Ed Enoch (82 år), som spela med ekte Elvis frå 1971 til 1977! Saman med dansarar og eit liveband, vert det garantert ei unik showoppleving. Elvis – Musikalen har turnert sidan 2014, og det er med stor gleda å ynskja dei velkomen til oss i anledning sitt 10-års jubileum.

Elvis – The Musical – eit show frå produsent Bernhard Kurz, Stars In Concert.

Merk: Viss du har ei gruppe større enn 12 personar, ver vennleg og gjennomføra separate bestillingar. Maks personar per bestilling er 12 personar.

VIKTIG Å VITA

  • Seteplassering er ved runde bord med 4 stolar kvar. Spør oss for spesielle ønske.
  • Rullestolar er velkomne, ver vennleg og bestill eit sete nær midtgangen, den raude løparen. Spør oss for spesielle ønske.
  • Dørene opnar kl 18.00. (Middag før framsyninga startar kl. 17.00)
  • Du kan velja å bu på dei vakre overnattingsstadene våre, opptil tre dagar, etter bestilling – inkludert frukost
  • Du kan også leggja til ein middagspakke for opplevinga di